Tobakksdyrking i Norge 2014
Frø som går opp i røyk
|
Tobakksblomsten er nydelig |
Dyrke
eigen tobakk har blitt ein morosam hobby, og på toppen
er det lønnsamt… I
tillegg er det kortreist, reindyrka, utan tilsetnings stoff og faktisk enkelt!
Bildet
over er frå årets produksjon, i år har eg 150 plantar. Det er mitt 4. år med
tobakk. Eg trives med Virginia tobakk.
Planane
kan bli over to meter høge, og over ein meter i bredden, så dei treng litt
plass i åkeren.
Av ein
plante som blomstra kan du få 10-20 000 frø! Ja, du leste rett. Og det
blir sagt at det er verden minste frø.
|
Tobakksfrø |
Her
ser du frøene avbilda samman med eit kronestykke. Og
her er frøene frå berre
ein av blomane på tobakksplanten.
Mange
veit ikkje at det er loveleg å dyrka tobakk i Noreg, Og at det faktisk er
lett.. Vi har ein lang tradisjon i å dyrka tobakk. På 1800 hundre tallet var
det store tobakksplantasjar, spesielt i Luster i Sogn. Under krigen vart det
dyrka mykje , 1/3 av det som vart dyrka i Noreg var tobakk!
|
Frø vil ha det varmt og mørkt for å spira |
Korleis
går eg fram?
Planta
frøene i februar/april. Det er viktig å bruka såjord som du får kjøpt i gartneri.
Det kan vera lurt å blanda litt vanleg jord med kjøpe jorda, den kan vera i
sterkaste laget har eg opplevd. Kluet er å ha akkurat passe fuktig gjord. Det har du når du tar jorda i handa og knip til. Den skal do vera så fuktig at det akkurat ikkje kjem ein dråpe vatn av ho.
Dette er et viktig punkt, for fuktigheten gjer at du ikkje behøv å tenkja på vatning før etter spiring. Og dei treng ikkje luft før dei spira. Dette gjer all spire dyrking lettare!!
Eg brukar forsjellig gjenbruks beger , fyller med den passe fukta jorda, såjord,
strør frø over. (Eit kunststykke å få sådd så små frø ) Du kan fukta ein
tretannpirkar, og ta eit og eit frø å leggja på jorda. (Krev tålmodighet.) Legg
eit tynt lag med jord over (ca halv sentimeter.) og strø eit tynt lag med sand
over. Spray med vatn på sanden og set den i ein plastpose. Jorda skal vera laus og ikkje "pakkast"
Den skal no stå varmt og mørkt til den spirer(f.eks. på varmekablar). Mine står rundt ovnen til dei har spirt i mangel på varmekablar.
Når plantane har spirt, skal dei stå kaldt og lyst. Eg har kjøpt ein vanlig lyssoffarmatur på Clas Ohlson. Har funnet ut at det er fullstendig unødvendig å kjøpa dyre plantepærer. Slå lyset av om natta.
|
Her er tobakken etter han har spirt. Og til venstre er fjord årets tobakk som skal krydrast får den blir til nytelse. |
Eg har også drivhus, så eg har satt mange plantar ut der. Eg lufta dei dagane det er sol for å holda temperaturen nede, og har ein vifteovn på om natta om det er fare for frost.
Her er bilde frå drivhuset. Til venstre er det tobakk som er prikla ut.
Denne står i vinduskarmen. Morsomt å sjå forksjell på størrelsen av plantane. Men alle planta skal egentlig vera små og lubne i starten, ikkje lange og tynne! Det er vel utålmodigheten min som elska å sjå det veksa!
|
Her er dei så store at dei kan stå ein i kvar potte. |
Tobakk
lika godt vatn, men med måte. Prøv deg fram. Når plantene har vokse litt, (kan ta en mnd før
dei byrja å spire.) tre blad på planten, kan du potte om. MEN det er
viktig at du ikkje då set kun ein plante i kvar potte i første runde, for dei er veldig
sosiale, eg planta ofte 5 i kvar potte i starten. Når dei blir større, plantar
eg ein i kvar potte. Og dei står alltid sammen på vatningsplata.
Når tobakksplanten har 5-6 blader, planter eg dei ut i
åkeren. Dei vil ikke ha hønsegjødsel, så vi bruker : sauegjødsel, tang,
brennesleuttrekk...
Plantane vil gjerne stå på samme staden år etter år. Dei
krev ofte ekstra gjødsel i starten. Eg har ståande eit kar med oppløst
sauegjødsel i åkeren , og vatna/ gjødsla dei som er lysegrønne. (Betyr at dei
treng meir gjødsel). Slå gras og legg rundt dei er også god gjødsel! For meg er det viktig med å dyrka reint og økologisk.
|
Blada kan bli kjempestore! |
Set ein pinne ved kvar plante, så eg kan feste dei til
pinnen når dei byrja å vekse. Det underlige er at når dei virkelig tar til å
veksa, bruka dei lite gjødsel. Sideskudda skal knipast av etter kvart, og når
blomane byrja, skal dei og knipast av. Gjer meir energi til alle bladene. Gøy å
ha nokre blomster for å samla frø. Og så er dei veldig vakre
.
Tobakken kan stå ute til frosten kjem. Dei veks mykje på
slutten, og sideskudd må plukkast fortløpande.
Skjer av heile planten. Og la dei gjerne hengje ute i sola
nokre timar før du festa eit tauv i stokken og heng dei opp på eit luftig rom
utan oppvarming. Eg heng opp mine på eit uisolert lofsrom.
|
Ein fordel å ikkje høsta alle på same tid, så blir dei klar for oppkutting etter kvart. |
N.B. Eg har begynt å bruke blenderen når eg kutta opp dei tørka blada..Mykje fortare, men litt meir finhakka..det går greit, synest eg...
Eller eg legg dei i press i ein tett trekasse. Der kan dei liggja i årevis.
Fermetering har eg ikkje fått til...smaka godt uten..
Når bladene er kutta opp lika eg å krydra dei. Det blir
kalt for sausing. Akkurat som kjøtt smaka ikkje tobakken noko særlig. Så eg laga ei blanding på ei
sprayflaske. Her er det ein spennande del av tobakkseventyret.
I starten laga eg ei blanding av sirup, peppermynte dråpar,
ulike essensar (Wisky; Akkarvitt, Cognac osv.)du får kjøpt i butikk.
Det må sukker til for at tobakken kan
gløda. Det eg nett er byrja med er å bruka Jægermeister, litt sukker og lønnesevje (54 urter) blanda med
litt vatn. Den er blitt min favoritt. Eg spraya til tobakken føles litt fuktig.
Så prøve eg meg fram til den er perfekt til å laga røyk av. Om den er for
fuktig, får du ikkje sigaretten til å ”brenna” normalt. Om den er for tørr går
har fort opp i røyk. Når tobakken føles passe, etter å ha laga prøverøyk for å
prøva den ut, så har eg tett glass eg lagra den på. Det skal visst vera ein
fordel å lagra den ei stund før du røykje han.
Eg bruka Winner Tip, OK for meg.
Dette er det mest lønnsomme eg dyrka, og faktisk lett og enkelt .. Og gleden er stor over å spara pengar, få rein vare og å skapa sjøl.
I tillegg laga Bent verdens beste vin, så det re ein stor glede å væra sjølforsynt med både grønnsaker og andre godsaker.
Livet er til for å nyte! Lykke til!